Vi inviterer til Sterke-Nils dag 28. januar

For fyrste gong etter pandemien kan vi endeleg invitere til Sterke-Nils dag!

Bli med på MASSE inspirerende og variert trening.

BOOTCAMP, KONKURRANSAR, FYSIOYOGA, CARDIOPARTY, SYKKEL, FUNKSJONELL STYRKE, STERKE-NILS CHALLENGE, SENIORTRIM OG MEIR.

Det blir spennende program med varierte gruppetimar og aktivitetar heile dagen. Vel det som passar deg! Påmelding av gruppetimar og foredrag startar iBooking laurdag 14. januar.

Vi har godt utval mat og drikke i kiosken på Granvin Kulturhus. Lunsj kan kjøpast frå kl. 10:45.

Aldersgrense for Sterke-Nils dagen er året du fyller 15.

 

Foredrag med Marius Løken kl. 11 i kinosalen

“Snu motgang til medgang”

Marius overlevde det mykje omtala Halloween-drapet i 2011, og hendinga er grunnlaget i historia hans om vegen tilbake. Han kom seg på bena etter 20 knivstikk og eit liv som blei totalt forandra. Marius fortel ein sterk historie som verkeleg set ting i perspektiv. 

Han gjev deg enkle og konkrete kvardagslege tips og verktøy, slik at du lettare kan greia å koma over di eiga dørstokkmil, og snu motgang til medgang.

Marius brenn verkeleg for at du skal nå ditt fulle potensiale - og forstå kor mykje kapasitet og krefter det bur i oss menneske. God psykisk helse vil ruste deg for tunge tider i tillegg til at det spelar ei svært viktig rolle når det kjem til motivasjon, prestasjon og statistikkar innan bla. sjukefråvær.

Sentralt bodskap i foredraget er kor viktig fysisk aktivitet, sosiale rammer og korleis etablere gode rutiner som gjer deg lykkeleg og får deg i mål.

Foredraget blir servera med masse humor, ein heilt enorm energi, og det er verkeleg alt anna enn kjedeleg og trist!

 

Ikkje medlem på Sterke-Nils senteret?

Medlem eller ei, her kan alle komme. Det er gratis inngang for alle medlemmer. Er du ikkje medlem kan du kjøpe billett til Sterke-Nils dagen for kr. 150,- og bli med på alt som skjer heile dagen.

NB: Det er avgrensa plassar på gruppetimane og foredraget. For påmelding send SMS til 452 13 879 med fornamn, etternamn og kva aktivitetar du ønsker å delta med på.

 

Fest på Granvin Kulturhus!

Det blir sjølvsagt fest på Granvin på kvelden. Cecilie køyrer ein mini-quiz med premie. Det blir premieutdeling, pizzabuffet, beerpong og bar med godt utval.

Dørene opnar kl. 19:00. Aldersgrense for festen er 18 år.

Previous
Previous

Program Sterke-Nils dagen

Next
Next

Barseltrening januar 2023