Generelle vilkår for medlemskap

  1. Medlemskapet er personleg og kan ikkje overdragast til andre. 

  2. Medlemskapet gir rett til fri bruk av tilboda på senteret: gruppetimar i sykkelsal og gruppesal, bruk av styrkesal og squashbane. 

  3. Medlemskap med bindingstid har ein månads oppseiingstid når bindingstida er fullført, gjeldande frå siste dag i månaden. Oppseiing skal skje skriftleg, på skjema som ligg på Granvin kulturhus eller per e-post. 

  4. Aldersgrensa på senteret er 15 år. Medlemmet må fylle 15 år inneverande år. For medlemmar under 18 år må føresette signere og vera kontraktansvarlege. 

  5. Medlemmet er sjølv ansvarleg for å vera helsemessig skikka til å nytte seg av senteret. 

  6. Medlemmar som har rabattert pris på avtala pliktar å varsle Sterke-Nils senteret dersom grunnlaget for rabatten endrar seg. Studentrabatt krev framvising av studentbevis kvart semester. 

  7. Medlemskap med årsbinding kan frysast ein månad pr. kalender år. Utover det kan medlemskap med bindingstid settast på pause om medlemmet av medisinske årsakar ikkje kan trene på senteret for ein periode. Bindingstida blir og sett på pause. 

  8. Senteret har inngått avtale med Antidoping Norge om å vera eit Rent Senter. Som medlem må ein ta avstand frå all bruk av dopingmidlar, og vera klar over at ein vil bli kalla inn til ei samtale om det vert registrera teikn på doping. Om mistanken oppretthaldast må medlemmet signere avtale om dopingkontroll. Senteret kan, i samarbeid med Antidoping Norge, gjennomføre ein dopingkontroll. Dersom medlemmet ikkje signerar avtala om dopingkontroll, har senteret høve til å heve treningsavtala umiddelbart. 

  9. All trening skjer på eiget ansvar. Granvin kulturhus fråskriv seg eit kvart ansvar for tap og skadar på person eller gjenstandar som skjer under opphaldet i senteret. Dette gjeld også tap og skade på personlege klede og eigedelar. 

  10. Som medlem pliktar du å halde deg orientera om, samt fylgje Sterke-Nils senteret sine Tryggleik- og trivselsreglar. 

  11. Senteret har rett til å gjera endringar i prisar og vilkår. Endringar senteret meiner vil vera av ei viss betydning og til ugunst for medlemmet, skal varslast minst ein månad før endringa trer i kraft. Endringar i pris tilsvarande auke i konsumprisindeksen krev ikkje slik varsling. 

  12. Senteret har rett til å sperre medlemskapet for ei viss tid, eller seie opp avtala med umiddelbar verknad, dersom medlemmet vesentleg mislegheld avtala. Som vesentleg misleghald reknast: Brot på betaling av månadsavgift (min. 3 månader), brot på Tryggleik- og trivselsreglar eller brot på Antidopingavtala på senteret. Senteret kan krevje betaling for resten av bindingstida. 

  13. Medlemmar med nøkkelkort har tilgang til senteret frå kl.05.00 til kl. 23.00 alle dagar. Medlemmet er ansvarleg for at kortet blir oppbevara forsvarleg og ikkje nyttast av andre. 

  14. Både månadsmedlem og medlem med bindingstid har rett på ein personleg rettleiingstime med styrkeprogram ved oppstart. Møter ein ikkje opp til avtalt tid, fell dette bort.

  15. Vi anbefaler alle medlemmar med årsbinding eller månadsmedlemmar med løpande månedsmedlemskap å opprette avtalegiro.