Sterke-Nils teamet
Møt teamet som gjer treningsstudioet vårt ekstra spesielt. Vårt team består av 16 dyktige instruktørar med ulik kompetanse.
-
Linda Bakås Råmunddal
Timar: Corebar, Barseltrening
Saman med Mette har eg ansvar for praktisk drift av senteret og individuell veiledning i styrkesalen.
Fysisk aktivitet har alltid vore ein viktig del av livet mitt og det å kunne bidra til at andre opplever trengingsglede og mestring motiverer meg!
-
Mette Mo
Timar: Seniortrim, Zumba og Funksjonell Styrke
Eg har vore med sidan oppstart og hatt ulike roller på senteret. No er eg fagansvarleg. Saman med Linda har eg ansvar for praktisk drift av senteret og individuell veiledning i styrkesalen. Eg har stor glede av å lede gruppetimar.
-
Ingebjørg Aarbakk
Timar: Sykkel Intervall
Ivrige deltakerar som møter opp på timane med godt humør og treningsglede. Høgt tempo til musikk som motiverer ein til å yte maks. Den gode følelsen etter ei hard treningsøkt. Godt humør og humor. Alt dette saman gjer at eg gledar meg til kvar einaste treningsøkt.
-
Tone Bøhn
Timar: Pilates
Som instruktør blir eg motivert av alle dei utrulige positive folka som møter på treninga med humør og forventingar, og som gir så mykje dei kan på treningane. Det gir masse energi.
-
Camilla Krogh Sørensen
Timar: Styrke/Puls
-
Randi Nordskog
Timar: Sykkel Lett
Sommaren 2021 starta eg som spinninginstruktør på Sterke-Nils senteret. Det har eg ikkje angra på. Det er kjempemoro. Det å sjå alle som blir i så godt humør av å trene gjev inspirasjon til å halde på med dette. Og eit puff til meg sjølv og.
Ekstra moro når det er mange på timen, men vi gjev jernet sjølv om det berre er nokre få og.
-
Haldis Thorvaldsen
Timar: Sykkel Medium
Eg blir veldig lett motivert, og her er eit knippe av kva som motiverer meg: Full sykkelsal med forventningsfulle deltakarar, å sjå at eg kan vere ein motivator, å bli møtt av folk som kjem på timar gang etter gang, ein klapp på skuldra med «bra time» og å høre folk snakke om "senteret" på bygda.
-
Åsne Omtveit
Timar: Sykkel Intervall, Tabata 45 og Løpetime Ute
Det er motiverande med nøgde deltakarar som møter opp gong etter gong. Sjølv blir eg motivera av å kjenne at eg blir sprekare og sterkare, og med gruppetimar så får ein ekstra dytt til å gjennomføre ei treningsøkt og å presse seg litt meir enn ein elles ville ha gjort.
-
Håvard Velta
Timar: Sykkel Hard
Det å vite at det sitter folk å venter på ta seg ut 100% er ein sterk motivasjon. Eg har også deltatt i nokre sykkelritt, da må ein være forberedt. I vinterhalvåret er sykkeltimer inne den viktigaste måten å forberede utesyklinga på.
Kjør hardt, kjør stil!!!!!
-
Karen Heggelund
Timar: Dansetrim
-
Rune Haugholmen
Timar: Vikar Sykkeltimar
Eg er veldig opptatt av trening som gjev meg energi, motivasjon og være i form. Eg trenar spinning, styrke, EMS, toppturer.
Gruppetimar er veldig moro og sosialt. Håpar eg ser mange på mine timar.
-
Tone Anne Byberg
Timar: Styrke Basic
Fornøgde og ivrige deltakarar som møter opp på timane motiverer meg! Og at ein kan ha med barn med på barseltrimmen og møte nye menneske.
-
Camilla Johansen
Timar: Step/styrke og TRX
Fornøgde gruppedeltakarar, hard trening og humor motiverer meg.
-
Ole Jonny
Timar: Vikar og PT
Eg synes det er artig å sjå at folk knekk koden på teknikk og føler mestring i trening!
-
Tor Reiten
Timar: Sykkel Lett
Eg er opptatt av folkehelse generelt og ynskjer med mitt bidrag på Sterke-Nils Senteret å gjera ein forskjell for den modne del av befolkninga.
-
Kaja Eline Devos
Timar: Mobilitetstrening
Det motiverer meg at eg kan tilby eit pusterom i kvardagen, kor andre kan komme å ta litt tid for seg sjølv.