Personleg trenar (PT)

Ynskjer du motivasjon og hjelp til å nå mål?

Med PT får du varierte treningsøkter tilpasset ditt nivå og dine mål. Du slepp å planlegge treninga sjølv og du blir motivert og veiledet slik at du kan vere trygg på at du utfører øvingane riktig.

Har du eit mål om å få til ei øving eller delta i eit løp? Eller kanskje du ynsker å bli sterkere eller komme tilbake til trivselsvekta? Uansett hva mål du har så er vi her for å hjelpe deg å lykkast!

Linda

Mitt navn er Linda Bakås Råmunddal. Eg jobbar som senteransvarleg, gruppetimeinstruktør og personleg trenar på Sterke- Nils senteret.

Med bakgrunn som ergoterapeut og personleg trenar har eg stor interesse for menneske og folkehelse og meiner at fysisk aktivitet og bevegelse er heilt essensielt for oss. Med mange års erfaring innan psykisk helse og arbeidsretta rehabilitering, har eg opparbeidd meg god kunnskap om kva som er viktig for vår fysiske og psykiske helse og kva verktøy som kan nyttast for å nå våre målsetningar.

Eg ynskjer å bistå deg med å nå dine mål for ei betre helse.

Har du spørsmål? Ta kontakt for ei uforpliktande samtale.

Tlf.: 906 26 774
E-post: linda@granvinkulturhus.no

Mette

Mitt navn er Mette Mo. Eg jobbar som fagansvarleg, gruppeinstruktør og personleg trenar på Sterke- Nils senteret.

Eg har fysioterapiutdanning ved Statens Mensendieck-høyskole. Lederutdanning og diverse kurs og deltidsutdanningar innan kroppsmedvit, bevegelse og bevegelsesanalyse, avspenning, sansemotorikk, friskvern og trening.

Med 16 års arbeidserfaring innen psykisk helse har eg opparbeida mykje kunnskap om samansatte problemstillingar knytta til kropp og psyke.

Etter å ha jobbet som sjeffysioterapeut på Radiumhospitalet har jeg en spesiell interesse for å hjelpe kreftpasienter i å få tilbake så mye som mulig av sitt friske liv. Derfor har eg utdanna meg som Aktiv Instruktør. Dette er ein utdanning for fysiotrerapeutar og personlege trenarar med fokus på trening for Kreftoverlevere.

Har du spørsmål? Ta kontakt for ei uforpliktande samtale.

Tlf.: 911 42 540
E-post: mette@granvinkulturhus.no

Ole Jonny

Mitt navn er Ole Jonny Flatland og eg jobbar som gruppeinstruktør og personleg trenar på Sterke-Nils senteret.

Eg har lederutdanning frå Hærens Krigsskole på Linderud og treningserfaring frå fleire år som leder og instruktør i forsvaret.

Fokuset mitt er på å bygge heile kroppen, med god teknikk og tilstedeværelse. Dette gjer me ved å finne metodar for å koble kropp og sinn saman under trening, det som ofte blir kalla å vere "på".

Vidare brenn eg for at unge som melder seg inn på treningsstudio, får ei god og sunn tilnærming til trening. Det er veldig mykje god, men og mindre god informasjon og inspirasjon på nettet. Her meiner eg at ein sunn inngang er ein av dei viktigaste tinga eg og me som treningssenter, kan bidra med.

 

Har du spørsmål? Ta kontakt for ei uforpliktande samtale.

Tlf.: 906 26 774
E-post: post@sterkenils.no

Du kan velje mellom ulike PT-pakkar

PT 30 min:

Her møter du ferdig oppvarmet til ei effektiv treningsøkt.

1 klipp: kr. 550,-

3 klipp: kr. 1.200,-

10 klipp: kr. 3.900,-

25 klipp: kr. 9.300,-

PT 60 min:

Her rettleiar eg deg gjennom heile økta kor vi startar med ei oppvarming som er knytt til øvingane vi skal gjennom. Her er det rom for fleire treningsformer og kombinasjonar med både styrketrening og kondisjon.

1 klipp: kr. 850,-

3 klipp: kr. 1.900,-

10 klipp: kr. 5.900,-

25 klipp: kr. 13.990,-

PT 60 min Duo:

PT Duo er for deg som vil trene med personleg trenar i ein time med ein venn. Ein personleg trenar rettleiar dykk gjennom ei god PT-økt.

1 klipp: kr. 1.250,-

3 klipp: kr. 2.800,-

10 klipp: kr. 8.900,-

25 klipp: kr. 21.500,-