Gruppetimar

Vi har varierte gruppetimar kor du finn alt frå styrketrening og teknikk til høg puls, koreografi, rørsle til musikk og treningsglede. Vårt team består av 13 dyktige instruktørar med ulik kompetanse.

Funksjonell styrke

Funksjonell styrketrening er kort sagt ein treningsform som inneber at du trenar meir enn kun ein muskel.
Med fokus på bevegelighet, balanse og koordinasjon og øvingar som aktiverer fleire forskjellige musklar samtidig.

Målet med funksjonell styrketrening er å utvikle styrke og funksjonalitet i bevegelsane. Timen passar for alle og øvingane kan tilpassast ved behov.
Saman jobbar me oss gjennom 55 minutt med styrkeøvingar for heile kroppen.

Styrke Basic

Ein styrketime kor vi jobbar oss gjennom heile kroppen med fokus på dei største muskelgruppene. Vi bruker vektstong, stepkasse, strikk og catslides. Belastinga regulerast etter eiga fysisk form og behov.Instruktøren hjelper deg med teknikk og gir alternativ til øvingar slik at flest mogeleg kan delta.

TRX

TRX er ein slyngetreningstime, der du forbedrar styrke, fleksibilitet, balanse og uthaldenhet gjennom funksjonelle øvingar. Du benyttar di eiga kroppsvekt for å skape motstand under treninga, og kan derfor justere vanskelighetsgraden, uansett fysisk form.

Slyngetreningsprinsippet er blir benytta innan mange idrettsgreinar, som blandt anna langrenn, syjkling, løping og har ein unik evne til å styrke kjernemuskulaturen og virke skadeførebyggande på blandt anna, rygg, kne og skulderplager.

Pilates

Pilates-metoden er ei form for kvalitativ styrketrening med stabilitet og kroppskontroll som mål. Hovudfokus i Pilates er å ha ein sterk kjerne og å byggje den indre støttemuskulaturen grundig opp frå botnen av, slik at vi kan bere kroppen vår på ein riktig måte. Ein trener Pilates med rolege og skånsame, men effektive øvingar. I desse øvingane er ein heile tida i rørsle, ein stoppar sjeldan opp i statiske posisjonar. Og alt skjer i takt med roleg innpust og utpust.

Corebar

Treningskonseptet er basert på intervall og er inspirert av andre populære treningsformer som pilates, yoga og dans.

Corebar fokuserer hovedsakelig på kjernemuskulaturen, men også på å aktivere heile kroppen gjennom ei Corebar treningsøkt. Dette gjør treningen intens, effektiv og morsom.

Seniortrim

Målet med denne timen er å bedre kondisjonen, behalde/betre styrke og jobbe med balansen til godt vaksne. På timen er det ein lett tone og alle er velkomne. Det er alltid ein øvelse som passar for deg.

Mobilitetstrening

Tren deg mjuk med mobilitetstrening. Vi går gjennom både statiske og dynamiske mobilitetsøvingar. Det er skadeførebyggande trening kor du får lausna opp i muskulatur og jobba med å få større leddutslag. Programmet består av øvingar for rygg, skuldrer, bryst, hofte, sete og bein.

Tabata

Ein gruppetime med høy intensitet som gir deg ein herleg kombinasjon av styrke og kondusjon. Vi jobbar i tabataintervall med 20 sek jobb og 10 sek kvile.

For deg som likar høgt tempo og ønskjer å bli skikkeleg sliten.

Zumba

Ein time for deg som vil danse og ha det gøy. Dette er ei morsom og god økt kor vi jobbar oss gjennom sang for sang i 1 time. For deg som trigges av musikk og koreografi og synast det er gøy å trene saman med andre.

Løpetime ute

For deg som vi ha ei god løpeøkt eller vil forbetre løpeforma - uavhengig av nivå. Timen består av ei god oppvarming etterfulgt av ulike former for intervall.

Step/styrke

Ein herleg kombinasjon av step og styrketrening. Timen er delt i to kor fyrste delen består av step med enkle stegkombinasjonar og fengande musikk etterfulgt av styrketrening for heile kroppen.

Våre sykkeltimar

Spinningsalen vår består av 20 moderne spinningsyklar. For at du skal få best mogeleg treningsoppleving og utbytte av treninga har vi Iqniter system kor du kan koble deg opp og følgje med på din puls gjennom heile timen. Det som går igjen for alle våre sykkeltimar er at du kan tilpasse både tempo og motstand etter nivå og dagsform.

Sykkel lett

Dette er ein time som er tilpassa for deg som er ny på trening og vil koma igang med sykling i sal. Det er gjennomgang av sykkelinnstillingar før vi sett igang med økta. Målet med timen er å betre utholdenheita. Instruktøren ledar deg gjennom forskjellige arbeidsperiodar til motiverande og fengande musikk.

Sykkel medium

Ein god sykkeltime med fengande musikk og mykje energi. Vi jobbar oss gjennom fleire bolkar med ulik varigheit, tempo og motstand. For deg som ønskjer ein god kondisjonsøkt.

Sykkel intervall

Ein sykkeltime med høg intensitet som garantert får svetten til å renne. Intervall med ulik varigheit, tempo og motstand. For deg som ønskjer høg puls og vil utfordre kondisjonen din.

Sykkel hard

Ein sykkeltime kor du jobbar i lengre intervaller. Dette er ei økt for deg som ønskjer ei skikkelig kondisjonsøkt kor du blir pushet til å ta i det lille ekstra.