Rent senter

Sterke-Nils senteret har inngått avtale med Antidoping Norge om å vera eit Rent senter fordi vi ynskjer eit sunt og helsefremjande treningsmiljø på vårt senter. 

Det betyr at vi ikkje aksepterar nokon form for bruk av dopingmidlar, og at vi vil arbeide aktivt mot doping. Denne avtala betyr og at alle våre medlemmer må underteikne ei avtale om at dei tar avstand frå bruk av dopingmidlar. 

Vår definisjon av doping er bruk av prestasjonsfremjande midlar, som kjem fram av særskilt dopingliste for treningssentre. Sterke-Nils senteret vil i samarbeid med Antidoping Norge kunne utføre dopingkontroll, og be medlem samtykke i å la seg teste for dopingpreparat. Om eit medlem testar positivt, eller ikkje samtykkar i å la seg teste, vil Sterke-Nils senteret kunne seie opp medlemsavtala med umiddelbar verknad

Sjå meir info i brosjyrer som er lagt på senteret, eller gå inn på Antidoping Norges nettside for Rent Senter og Antidoping Norge.