Om senteret

Sterke-Nils senteret blei opna hausten 2011. Flittige initiativtakarar og ein iherdig dugnadsgjeng står bak treningssenteret.

På senteret finn du styrketreningsrom, squashbane, rom til gruppetrening og spinning i tillegg til badstove i garderobane. Senteret har gratis parkering og drop-in trening med dørkode på SMS.

Opningstider

Medlemmer med nøkkelkort kan nytte senteret frå kl. 05.00 til kl. 23.00 kvar dag.

Medlemskap kan kjøpast på nett og dørkode mottas på SMS.

Aldersgrense

Vi har 15 års aldersgrense på treningssenteret. Du kan trene det kalenderåret du fyller 15 år.

Er du under 18 år må du ha føresett som kan signere medlemskontrakt og som er ansvarleg betalar for medlemskapet - enten på nett eller fysisk på senteret.

Fasilitetar

Badstove i garderobane

Gratis parkering

Engasjerte instuktørar

Personleg trenar

Nøkkelskap

Styrkesal

Varierte gruppetimar

Squashbane

Moderne spinningsal

Kondisjons- og styrkemaskinar

Kvifor namnet Sterke-Nils?

Treningssenteret er oppkalt etter ein historisk person frå Seljord som levde på 1700 - 1800-talet. Han vart kjent for å vere "grueleg sterk" og skal ha lyfta ein stein ved Seljord Kirke på over 500kg. Han fekk derav namnet Sterke-Nils.

Sterke-Nils steinen i Seljord

Visjon

Vi starta Sterke-Nils senteret for å bidra til eit sunnare samfunn ved å gi folk i bygda ein stad å trene. Vår visjon er å tilby eit treningssenter kor alle i bygda er velkommen og blir motivert til å ha ein aktiv livsstil.

Misjon

Gjennom å tilby eit variert treningstilbod har vi som visjon å inspirere og motivere flest mogeleg i bygda til ein sunn og aktiv livsstil, og ikkje minst tilrettelegge for dei som ikkje er i aktivitet.

Verdiar

  1. Inkluderande - alle skal føle seg velkommen til å trene her

  2. Variert tilbod for alle og einkvar

  3. Våre medlemmer er i fokus. Vi tar ansvar for våre medlemmers behov og utfordringar.

Tryggleik- og trivselsreglar

Vi vil at ALLE skal ha ei hyggeleg oppleving når dei er på trening hos oss, derfor følgjer vi disse enkle trivselsreglane:

  1. Registrer alltid medlemskortet i ytterdøra ved åtkomst på senteret.

  2. Lån aldri bort medlemskort til andre.

  3. Bruk berre sko som er meint for trening inne. Utesko setjast i skohyllene.

  4. Kle deg funksjonelt og på ein måte som ikkje opplevast støytande for andre medlemmer. Å trene i bar overkropp eller sports-BH er ikkje tillat på senteret.

  5. Sørg for god hygiene og tren med rene klede.

  6. Rydd alltid på plass alt treningsutstyr etter bruk.

  7. Vis omsyn til andre medlemmer og lag minst mogeleg støy. Legg utstyr forsiktig frå deg og unngå at vektskivene på apparata slår i kvarandre.

  8. Det er ikkje lov å henge på ekstra vekter på styrkeapparat med vektmagasin.

  9. Vask apparata og treningsutstyr etter deg. Papir og reinhaldspray er plassert fleire stader på senteret.

  10. Ikkje et inne på senteret eller i garderobane. Du er velkommen til å ete på Granvin eller i sofaen ved garderobane.

  11. Berre tilsette på Sterke-Nils senteret får rettleie og trene medlemmer.

  12. Ta alltid omsyn til andre medlemmar ved fotografering og filming på treningssenteret. Spør alltid om lov til bruk, om andre medlemmar hamnar i bilete.

  13. Born har ikkje åtgang til treningssenteret. Aldersgrense for medlemskap er 15 år inneverande år.

God trening