Program Sterke-Nils dagen

Her er programmet for Sterke-Nils dagen laurdag 28. januar. Påmeldinga opnar laurdag 14. januar iBooking-appen. NB: Det er avgrensa plassar på gruppetimane og foredraget.

Er du ikkje medlem kan du kjøpe billett til Sterke-Nils dagen for kr. 150,-. For påmelding send SMS til 452 13 879 med fornamn, etternamn og kva aktivitetar du ønsker å delta med på.

Aldersgrense for Sterke-Nils dagen er året du fyller 15.

Program Sterke-Nils dagen 2023

Foredrag med Marius Løken

Marius overlevde det mykje omtala Halloween-drapet i 2011, og hendinga er grunnlaget i historia hans om vegen tilbake. Han kom seg på bena etter 20 knivstikk og eit liv som blei totalt forandra. Marius fortel ein sterk historie som verkeleg set ting i perspektiv. 

Han gjev deg enkle og konkrete kvardagslege tips og verktøy, slik at du lettare kan greia å koma over di eiga dørstokkmil, og snu motgang til medgang.

Marius brenn verkeleg for at du skal nå ditt fulle potensiale - og forstå kor mykje kapasitet og krefter det bur i oss menneske. God psykisk helse vil ruste deg for tunge tider i tillegg til at det spelar ei svært viktig rolle når det kjem til motivasjon, prestasjon og statistikkar innan bla. sjukefråvær.

Sentralt bodskap i foredraget er kor viktig fysisk aktivitet, sosiale rammer og korleis etablere gode rutiner som gjer deg lykkeleg og får deg i mål.

Foredraget blir servera med masse humor, ein heilt enorm energi, og det er verkeleg alt anna enn kjedeleg og trist!

Corebar

Corebar er trening til musikk kor du får utfordra både balanse og styrketrening med fokus på kjernemuskulaturen. Gjennom hele timen brukes COREbaren, ei vektet, bøyd treningsstang. Treningskonseptet er basert på intervall og er inspirert av andre populære treningsformer som pilates, yoga og dans. Timen passar for deg som ønsker ei intens, effektiv og morsom økt.

Fysioyoga

I fysioyoga er ingen av øvingane belastande og mykje av timen gjøres sitjande på stol. Vi har mykje fokus på pust og pusteteknikkar, nokre som er beroligande på nervesystemet og roer tankevirksomheit. Timen avsluttes med avspenning.

Marianne Hellstrand er sertifisert yogainstruktør gjennom Art of Living og har undervist kurs siden 2001.

Konkurranse

Ole Jonny køyrer konkurranse i idrettshallen fra 12:15 - 14:00. Konkurransen består av tre øvingar som går på styrke og uthald. Maks tre personar per lag. Vel ein lagleiar som melder dykk på ønska tidspunkt i iBooking appen.

Det blir premieutdeling på kvelden.

Cardioparty

Cardio Party er for deg som likar enkle trinn til god musikk, for deg som vi jobbe med høg puls og styrke kombinert i ei økt med motiverande instruktører som driver deg fra start til slutt! Dette er ein time utan utstyr, lette trinn og høgt tempo.

Sterke-Nils Challenge

Ein kreativ økt kor du får utfordra både styrke og kondisjon.

Tabata

Ein gruppetime med høy intensitet som gir deg ein herleg kombinasjon av styrke og kondisjon. Vi jobbar i tabataintervall med 20 sek jobb og 10 sek kvile. For deg som likar høgt tempo og ønskjer å bli skikkeleg sliten.

Sykkel: Lett, Medium og Intervall

Ein god sykkeltime med fengande musikk og mykje energi. Vi jobbar oss gjennom fleire bolkar med ulik varigheit, tempo og motstand. For deg som ønskjer ein god kondisjonsøkt.

Du kan tilpasse både tempo og motstand etter nivå og dagsform.

Lunsj

Vi har godt utval mat og drikke i kiosken på Granvin Kulturhus. Lunsj kan kjøpast frå kl. 10:45.

Fest på Granvin Kulturhus!

Det blir sjølvsagt fest på Granvin på kvelden. Cecilie køyrer ein mini-quiz med premie. Det blir premieutdeling, pizzabuffet, beerpong og bar med godt utval.

Dørene opnar kl. 19:00. Aldersgrense for festen er 18 år.

Previous
Previous

Barseltrening februar/mars 2023

Next
Next

Vi inviterer til Sterke-Nils dag 28. januar