Program Sterke-Nils dagen

Her er programmet for Sterke-Nils dagen laurdag 3.februar. Påmeldinga åpnar laurdag 20. januar i Membro eller iBooking-appen. NB: Det er avgrensa plassar på gruppetimane, så her er det første mann til mølla.

Er du ikkje medlem kan du kjøpe billett til Sterke-Nils dagen for kr. 150,-. Denne kjøper du i infoskranken på Granvin kulturhus den 3.februar. Infoskranken er bemanna frå 09.30-14.00. Påmelding for ikkje - medlemmar; send SMS til 906 26 774 med fornavn, etternavn og kva slags aktivitetar/gruppetimar du ynskjer å delta på.

Aldersgrense for Sterke-Nils dagen er året du fyller 15.

Bemanna infoskranke frå 9.30-14.00

Har du ikke vore på Sterke-Nils senteret eller Granvin kulturhus før, og er usikker på kvar dei ulike romma og aktivitetene er? Det vil vere bemanna infoskranke heile Sterke-Nils dagen, der me er klare for å svare på dei spørsmåla du har. Gå inn hovudinngangen på Granvin Kulturhus, så finn du oss.

Yoga

Bli med på 1,5- 2 timars Hatha Yoga med Arek Smich. Økta er lagt opp med ein oppvarmingsdel, ein hovuddel der du praktiserer ulike asanas og til slutt ein avspenningsdel. Sterke-Nils har matter, men ta gjerne med eigen yogamatte om du ynskjer.

Crossfit intro

Nysjerrig på Crossfit? Joakim Haugen (ledercoach) og Marcus Winger (coach) fra Groven Fitness i Bø er klare til å gje deg ein smakebit! Fokus i økta vil vere; Mestring, lagarbeid, kondisjon, effektiv og god utføring av teknikk. Økta vil bli tilpassa ditt utgangspunkt og passar for alle nivå.

Corebar

Me får besøk av Marie Larsen som er instruktør i Corebar på Rauland. Bli med på ei intens, effektiv og morsom økt, der du får bruka heile kroppen. Treningskonseptet Corebar er basert på intervall og er inspirera av andre populære treningsformer som pilates, yoga og dans.

Dansetrim

Er du glad i å bevege deg til musikk? Då er dette timen for deg! Her vil du møte musikk og rytmer frå ulike delar av verda.

Puls

Ein energisk og effektiv kondisjonstime. Enkel trinn til fengjande musikk. Vi jobber sang for sang. Bli med på ein morosam time som passar for alle!

TRX Lett

TRX er ein slyngetreningstime, der du forbedrar styrke, fleksibilitet, balanse og uthaldenhet gjennom funksjonelle øvingar. Du benyttar di eiga kroppsvekt for å skape motstand under treninga, og kan derfor justere vanskelighetsgraden, uansett fysisk form. Slyngetreningsprinsippet er blir benytta innan mange idrettsgreinar, som blandt anna langrenn, syjkling, løping og har ein unik evne til å styrke kjernemuskulaturen og virke skadeførebyggande på blandt anna, rygg, kne og skulderplager.

Sykkel Lett

Dette er ein time som passar for alle nivå. Målet med timen er å betre utholdenheita. Instruktøren ledar deg gjennom forskjellige arbeidsperiodar til motiverande og fengande musikk. Du kan tilpasse både tempo og motstand etter nivå og dagsform.

Sykkel Langtråkk

Ein sykkeltime med fengande musikk og mykje energi. Vi jobbar oss gjennom fleire bolkar med ulik varigheit, tempo og motstand. For deg som ønskjer ein god kondisjonsøkt.

Du kan tilpasse både tempo og motstand etter nivå og dagsform.

Mobilitetstrening

Tren deg mjuk med mobilitetstrening. Vi går gjennom både statiske og dynamiske mobilitetsøvingar. Det er skadeførebyggande trening kor du får løsna opp i muskulatur og jobba med å få større leddutslag. Programmet består av øvingar for rygg, skuldrer, bryst, hofte, sete og bein. Sterke-Nils har matter, men ta gjerne med eigen yogamatte om du ynskjer.

Aktivitet i Styrkesalen

Test deg sjølv med uhøgtidleg konkurranse i styrkesalen; Ro/hang ups/ push ups/ 90 grader`n og vinn premie!

Lurar du på kva makspulsen din er? Ta med deg pulsklokke/pulsbelte og gjer deg klar til ei real økt! Testen vil ta ca. 30 min å gjennomføre. Å måle sin maksimale hjertefrekvens kan vere nyttig for deg som trenar utholdenhet. Ut ifrå makspulsen kan du regne ut dine I-soner meir nøyaktig og dermed vere sikker på å oppnå den treningseffekten du er ute etter. Meld deg på i membro appen eller på sms til 906 26 774, så vil du få tildelt eit tidspunkt er sms. Første mann til mølla!

Treng du veiledning på teknikk eller tips/inspirasjon til øvelsar? Me er tilgjengelege i styrkesalen frå 11.00-12.00 og frå 12.30-14.00.

Kroppsanalyse med Tanitavekt

Meld deg på eit tidspunkt som passar i Membro appen. For ikkje-medlemmar; på sms til 906 26 774, så vil du få tildelt eit tidspunkt er sms. Ein av våre instruktører vil utføre kroppsanalysa med Tanitavekt. Analysa vil gje deg svar på blandt anna; fettprosent, kvilemetabolismen din, vatn i kroppen, muskelmasse osv. Gjennomføring og forklaring/tilbakemelding på resultatet tar ca. 20 min per person. Analysa gjennomføras på ei vekt, du må ta av sokkane. Gå gjerne på toalettet før du skal gjennomføre analysa. Første mann til mølla!

Lunsj

Me har godt utval mat og drikke i kiosken på Granvin Kulturhus. Lunsj kan kjøpast frå kl. 10:45.

Tilbring heile dagen på Sterke-Nils

Sterke-Nils/Granvin kulturhus vil vere åpent heile dagen. Bli gjerne igjen etter gruppetimar/aktiviteter for; Kos og hygge i kafeen, badstue og snøbading, happy hour(s) og pizza. Garderobefasilitetane har du tilgang til heile dagen.

Fest på Granvin kulturhus!

Det blir sjølvsagt fest på Granvin på kvelden. Rodger Halston m/gitar lagar god stemning i foajeen frå ca kl. 19.00.

Tri-O spelar opp til dans litt lengre utpå kvelden. Olav Kjetil Bang, Olav Lundeberg og Olve Nykos er klare for å lokke deg ut på dansegolvet.

Festen er åpen for alle, sjølv om du ikkje har deltatt på Sterke-Nils dagen. Det er gratis inngang for medlemmar av Sterke-Nils senteret og for dei som allerie har kjøpt billett til Sterke-Nils dagen. Inngang for andre; kr 150,-
Aldersgrense for festen er 18 år.


Previous
Previous

Endeleg kjem Yoga tilbake på timeplanen!

Next
Next

Me får nytt papirlaust medlemssystem- last ned appen Membro