Styrkeveka 2025

Eit arrangement av Sterke-Nils senteret og Seljord kommune

Veke 44 markerar Sterke-Nils og Seljord kommune Styrkeveka — ein landsomfattande innsats for å rette søkjelyset mot betydninga av styrketrening som del av ei god helse og betre funksjon.

Budskapet er tydeleg: Det er aldri for seint å bli litt sterkare — og det spillar inga rolle kor du gjer det, bare du gjer det.

Målet er å inspirere til enkel, regelmessig styrketrening — for alle aldrar og nivå.

  • Alt er gratis og ope for alle.

  • Me serverar kaffe, te og vatn.

Måndag 27.10 – på biblioteket

12.00–13.00: «Kva kan du vinne på å trene som godt vaksen?» Fysioterapeut Mette Mo

• Gjennomgang av alle fordelar ved auka aktivitet

• Korleis bremse ulempene ved aldringsprosessen!

18.00–19.00: «Korleis kan fysisk aktivitet påverke den psykiske helsa di?» Sjukepleiar og PT Hanne Lunde

• Kva skjer i kroppen og hjernen ved aktivitet

• Psykologiske effektar av trening

• Når trening gir motsatt av ynskja effekt

• Praktiske råd og gratis treningsprogram

Tysdag 28.10 – i styrkesalen

17.30–19.00: «Halvors styrkeskule»For ungdom 15–20 år med profesjonell styrkelyftar og lærar Halvor Lid.

• Bli sterk i benkpress på ein trygg måte med riktig teknikk

• Gjennomgang av skadeforebyggjande støtteøvelsar

• Gode treningsvaner og kosthald for å bli sterkare

• Kva er viktig for ein sunn treningskultur.

• Spørsmål & svar med Halvor

(Merk: styrkesalen er stengd for andre i dette tidsrommet)

Onsdag 29.10 – på biblioteket

18.00–19.00: «Nysgjerrig på styrketrening? Slik startar du»Turnusfysioterapeut Ada Lian

• Dei viktigaste treningsprinsippa

• Tips for å bygge gode vanar

• Motivasjon og progresjon

Torsdag 30.10 – på biblioteket

18.00–19.00: «ROAR – kvifor styrketrening er ekstra viktig for kvinner» Ergoterapeut og PT Linda Bakås Råmunddal

• Gjennomgang av prinsipper basert på dr. Stacey Sims forskning.

• Vår hormonell syklus påverkar oss!

• Kvinner er ikkje små menn- me må slutte å oppføre oss som det

Velkommen til spennande foredrag og aktivitetar heile veka! Sjå gruppetimeplanen vår og meld deg på våre gruppetimar. Har du ikkje prøva før, er det på tide nå! Ta kontakt på 90626774 for prøvetime.

Veiledning av PT i styrkesal: denne veka vil det og vere PT tilgjengeleg i styrkesalen på gitte tidspunkt, klar for veiledning og for å svare på spørsmål- følg med på vår gruppetimeplan for tidspunkt og møt opp!

Next
Next

Er du den me ser etter?