Generelle vilkår for medlemskap
1. Medlemmar med nøkkelkort/kode/mobil adgang har tilgang til senteret frå kl.05.00 til kl. 23.00.
2. Medlemskapet er personleg. Din tilgang til senteret skal aldri brukast av andre enn deg. Du skal ikkje sleppe inn personar på senteret som ikkje har medlemskap.
3. Medlemskapet gir rett til fri bruk av tilboda på senteret: gruppetimar i sykkelsal og gruppesal, bruk av styrkesal og squashsal.
4. Medlemskapet med bindingstid har ein månads oppseiingstid når bindingstida er fullført, gjeldande frå siste dag i månaden. Oppseiing skal skje skriftleg, på skjema som ligg på Granvin kulturhus eller per e-post; post@sterkenils.no
5. Aldersgrensa på senteret er 15 år. Medlemmet må fylle 15 år inneverande år. For medlemmar under 18 år må føresette signere og vera kontraktansvarlege. Medlemmar under 18 år skal ha obligatorisk veiledningstime med ein av senterets ansatte. Senteret er ansvarlege for å avtale tidspunkt for gjennomføring.
6. Medlemmar som har rabattert pris på avtala pliktar å varsle Sterke-Nils senteret dersom grunnlaget for rabatten endrar seg.
7. Medlemskap med bindingstid kan bare settast på pause om medlemmet av medisinske årsakar ikkje kan trene på senteret for ein periode. Bindingstida blir og sett på pause.
8. For medlemar med bindingstid kan medlemskapet frysast 1 månad det fyrste året. Påfølgande år kan det frysast opp til 3 månadar per kalenderår. I denne perioden kan du ikkje trene på senteret.
9. Senteret har inngått avtale med Antidoping Norge om å vera eit Rent Senter. Som medlem må ein ta avstand frå all bruk av dopingmidlar, og vera klar over at ein vil bli kalla inn til ei samtale om det vert registrera teikn på doping. Om mistanken oppretthaldast må medlemmet signere avtale om dopingkontroll. Senteret kan, i samarbeid med Antidoping Norge, gjennomføre ein dopingkontroll. Dersom medlemmet ikkje signerar avtala om dopingkontroll, har senteret høve til å heve treningsavtala umiddelbart.
10. All trening skjer på eiget ansvar. Medlemmet er sjølv ansvarleg for å vera helsemessig skikka til å nytte seg av senteret. Senteret fråskriv seg eit kvart ansvar for tap og skadar på person eller gjenstandar som skjer under opphaldet i senteret.
11. Som medlem pliktar du å halde deg orientera om, samt fylgje Sterke-Nils senteret sine Tryggleik- og trivselsreglar.
12. Ved brann/evakuering er du sjølv ansvarleg for å ta deg ut næraste nødutgang og møte på parkeringsplassen utanfor Sterke-Nils senteret. Gjer deg kjent med nødutgang, brannslukningsapparat osv.
13. Senteret har rett til å gjera endringar i prisar og vilkår. Endringar senteret meiner vil vera av ei viss betydning og til ugunst for medlemmet, skal varslast minst ein månad før endringa trer i kraft. Endringar i pris tilsvarande auke i konsumprisindeksen krev ikkje slik varsling.
14. Senteret har rett til å sperre medlemskapet for ei viss tid, eller seie opp avtala med umiddelbar verknad, dersom medlemmet vesentleg mislegheld avtala. Som vesentleg misleghald reknast: Brot på betaling av månadsavgift (min. 3 månader), brot på Tryggleik- og trivselsreglar eller brot på Antidopingavtala på senteret. Senteret kan krevje betaling for resten av bindingstida.
15. Både månadsmedlem og medlem med bindingstid har rett på ein personleg gratis rettleiingstime med styrkeprogram per år. Møter ein ikkje opp til avtalt tid, fell dette bort.
16. Medlemmar med årsbinding får 20% rabatt på utvalgt treningstøy på Intersport Seljord. Medlemskapet er personleg og kan ikkje overdragast til andre.