Program Sterke-Nils dagen 2026

Velkommen til Sterke-Nils-dagen laurdag 7. februar

Påmeldinga opnar fredag 30. januar kl. 11.00. NB! Det er avgrensa plassar på gruppetimane – her er det første mann til mølla.

Ikkje medlem?
Du kan kjøpe billett til Sterke-Nils-dagen for 150 kr. Billetten kjøper du på granvinkulturhus.no eller i infoskranken på Granvin kulturhus laurdag 7. februar.
Infoskranken er bemanna frå kl. 09.30–14.00.

Påmelding for medlemmar:

Meld deg som vanleg i Membro-appen

Påmelding for ikkje-medlemmar:
Send SMS til 906 26 774 med:

  • fornamn og etternamn

  • kva aktivitetar, gruppetimar eller foredrag du ønskjer å delta på

Aldersgrense:
Sterke-Nils-dagen har aldersgrense frå det året du fyller 15 år.

For meir utfyllande informasjon om dagen og dei ulike gruppetimane/aktivitetane, sjå under programmet.

Punch og Power

Punch & Power er ein energisk og variert gruppetime som kombinerer kondisjon, enkel koregrafi og styrke med inspirasjon frå boksing. Timen startar med oppvarming, før me går over i ein hovuddel med enkel koreografi kombinert med tradisjonelle slag og spark. Vidare jobbar me med teknikk i par, der me sparrar mot kvarandre med puter/pads. Økta blir avslutta med ein styrkedel. Instruktøren har erfaring frå tai chi og kinesisk kickboksing, og timen passar for deg som ønskjer ei utfordrande og morosam treningsøkt med høg intensitet.

Zumba

Ein time for deg som vil danse og ha det gøy! Dette er ei morosam og effektiv økt der me jobbar oss gjennom sang for sang i løpet av ein time. Timen passar for deg som blir trigga av musikk og koreografi, og som synest det er ekstra gøy å trene saman med andre.

Styrke/puls

Ein time med høg intensitet der du får pusha deg! Her møter du ein god kombo av kondisjonsøvelsar og styrkeøvelsar.

Step/Styrke

Ein herleg kombinasjon av step og styrketrening. Timen er delt i to, der første del består av step med enkle stegkombinasjonar og fengande musikk, etterfølgd av styrketrening for heile kroppen.

Dansetrim

Er du glad i å bevege deg til musikk? Då er dette timen for deg! Her vil du møte musikk og rytmer frå ulike delar av verda.

Yoga

Velkomen til ein yogatime som passar for alle, også deg som ikkje har prøvd yoga før. Hatha yoga er ei av dei mest utbreidde yogaformene i den vestlege verda. I denne timen jobbar me med samspel mellom pust, kropp og sinn gjennom yogastillingar, meditasjon og pusteøvingar. Me arbeider med grunnleggande stillingar (asanar) i eit roleg tempo, slik at pusten får vere med heile vegen. Ta gjerne med eiga yogamatte om du har.

Mobilitetstrening

Tren deg mjuk med mobilitetstrening. Vi går gjennom både statiske og dynamiske mobilitetsøvingar. Det er skadeførebyggande trening kor du får løsna opp i muskulatur og jobba med å få større leddutslag. Programmet består av øvingar for rygg, skuldrer, bryst, hofte, sete og bein. Sterke-Nils har matter, men ta gjerne med eigen yogamatte om du har.

Dynamisk yoga

Timen kombinerar dynamiske, yoga-inspirerte bevegelsar med fokus på styrke, fleksibilitet og pust. Ta gjerne med eigen yogamatte om du har.

Pilates “Start up”

Dette er ein skånsam og tilpassingsvennleg time som passar godt for deg med helseutfordringar, smerter eller som ønskjer ei rolegare treningsform. Hovudfokuset i Pilates er å byggje ein sterk kjerne og utvikle den indre støttemuskulaturen grundig frå botnen av, slik at kroppen får best mogleg støtte og berekraft i kvardagen. Me jobbar med rolege og skånsame, men effektive øvingar, der alt skjer i takt med roleg innpust og utpust. Ta gjerne med eiga yogamatte om du har.

Yoga “Total reset”

Avslutt dagen med Total reset. Ein roleg Hatha yoga-time med fokus på å lande i kroppen. Gjennom yogastillingar, meditasjon og pusteøvingar jobbar me med samspel mellom pust, kropp og sinn. Timen gir rom for å sleppe spenningar, finne ro og hente ny energi. Ta gjerne med eigen yogamatte.

Sykkel Lett

Dette er ein time som passar for alle nivå. Målet med timen er å betre utholdenheita. Instruktøren ledar deg gjennom forskjellige arbeidsperiodar til motiverande og fengande musikk. Du kan tilpasse både tempo og motstand etter nivå og dagsform.

Sykkel Rock Intervall

Vil du vere med på ein FEST av ei sykkeløkt med rå musikk og matchande lys? Dette er ein sykkeltime full av energi, der me jobbar oss gjennom fleire bolkar med ulik varigheit, tempo og motstand. Ei perfekt økt for deg som ynskjer ei solid kondisjonsutfordring. Du tilpassar sjølv tempo og motstand etter nivå og dagsform.

Sykkel Hard

Ein intervallbasert sykkeltime med 4 minutt hard jobbing etterfulgt av 2 minutt aktiv pause. Ei kondisjonsøkt der du blir pusha til å ta i litt ekstra. Tempo og motstand tilpassar du etter nivå og dagsform.

Tabata

Ein gruppetime med høg intensitet som gjev deg ein god kombinasjon av styrke og kondisjon. Me jobbar i tabataintervall med 20 sek jobbing og 10 sek kvile. Timen kan lett tilpassas ulike nivå og passar for alle.

Styrke eigenvekt

Dette er ein styrketime der du brukar di eiga kroppsvekt. Me jobbar med klassiske øvingar, dryssa med litt leik og utfordringar, tilpassa ditt nivå. Du får eit enkelt og effektivt program du kan ta med deg heim, på hytta eller på ferie. Ingen utstyr, alltid mogeleg- ingen unnskyldning!

Power Strength

Ein crossfit-inspirert styrketime med høg intensitet. Her kombinerer me tunge og funksjonelle øvingar med puls, i ei effektiv økt som gir deg ei skikkeleg gjennomkøyring av heile kroppen. Timen passar for deg som likar å ta i og utfordre både styrke og uthaldenheit.

Combat fitness

Ein intensiv time med militære kampsportinspirerte øvingar som byggjer eksplosiv styrke, uthaldenheit og rå energi! Ei effektiv økt for deg som likar å presse grenser og som toler å kjenne på mjølkesyra.

Aktivitet i Styrkesalen

Test deg sjølv med uhøgtidleg konkurranse i styrkesalen; Ro/hang ups/ push ups/ 90 grader`n og vinn premie!

Lurar du på kva makspulsen din er? Ta med deg pulsklokke/pulsbelte og gjer deg klar til ei real økt! Testen vil ta ca. 30 min å gjennomføre. Å måle sin maksimale hjertefrekvens kan vere nyttig for deg som trenar uthaldenheit. Ut ifrå makspulsen kan du regne ut dine I-soner meir nøyaktig og dermed vere sikker på å oppnå den treningseffekten du er ute etter. Meld deg på i membro appen eller på sms til 906 26 774, så vil du få tildelt eit tidspunkt per sms. Første mann til mølla!

Treng du veiledning på teknikk eller tips/inspirasjon til øvelsar? Me er tilgjengelege i styrkesalen frå 11.00-12.00 og frå 12.30-14.00.

Styrketrening i praksis med Halvor A. Lid

13.00-14.00: Her vil du bli kjend med og forstå store sentrale baseøvelsar og variasjonar av dei. Korleis du utfører øvelsane, kvifor du bør trene store baseøvelsar med tanke på ulike målsettingar innan idrett, helse og anna. Påmelding i membro-appen eller på sms til 906 26 774.

Kroppsanalyse med Tanitavekt

I år har me ikkje forhåndspåmelding til Tanitavekta. Meld deg på eit tidspunkt som passar i vår bemanna infoskranke i vestibylen på Granvin kulturhus når du kjem. Ein av våre instruktører vil utføre kroppsanalysa med Tanitavekt. Analysa vil gje deg svar på blandt anna; fettprosent, kvilemetabolismen din, vatn i kroppen, muskelmasse osv. Gjennomføring og forklaring/tilbakemelding på resultatet tar ca. 15 min per person. Analysa gjennomføras på ei vekt, barbeint. Gå gjerne på toalettet før du skal gjennomføre analysa. Første mann til mølla!

Badstove

Badstova i garderobane til Sterke-Nils senteret kjem til å stå på heile dagen, om du har lyst til å svette endå litt meir mellom timane.

Mat og drikke

Kaféen på Granvin kulturhus held ope frå kl. 09.30 og utover dagen, med sal av mat og drikke. Her finn du blandt anna kyllingsalat og focaccia, proteiniskaffe, smoothie og mykje anna.

Bygdefest på Granvin kulturhus!

Bygdefest på Granvin kulturhus!

Det blir sjølvsagt fest på kvelden! I anledning Sterke-Nils-dagen inviterer Granvin kulturhus til bygdefest.
Festen er open for alle – også for deg som ikkje har delteke på Sterke-Nils-dagen.

Happy hour frå kl. 18-20!
Tips: Er de ei større gruppe, fint med booking av bord på post@granvinkulturhus.no.

Live-musikk:
DJ- Emilie lagar god stemning frå ca. kl. 19.00
Remi spelar festmusikk frå kl. 22.00.

Inngang:
Har du vore på Sterke-Nils-dagen eller er aktivt medlem: 100 kr
Alle andre: 250 kr

Aldersgrense: 18 år
Baren er open til kl. 02.00

VELKOMEN!


Next
Next

Styrkeveka 2025