Er du den me ser etter?
Treningssentermedarbeider ved Sterke-Nils senteret (50 % stilling)
Granvin kulturhus AS søkjer ny medarbeidar til aktivitetssenteret Sterke-Nils.
Har du eit brennande engasjement for trening og helse, og likar å motivere andre? Då kan dette vere jobben for deg! Sterke-Nils senteret er eit moderne treningssenter med styrkerom, gruppe- og sykkelsal, squash-hall og eit variera gruppetreningstilbod. Me har over 500 medlemmar og eit engasjert team med gruppeinstruktørar. Nå søker me deg som vil vere med å vidareutvikle tilbodet vårt og inspirere endå fleire til ein aktiv kvardag. I denne stillinga blir du ein sentral del av drifta og utviklinga av senteret. Arbeidsgjevar er Granvin kulturhus AS. Arbeidsstaden er Sterke-Nils senteret i Seljord.
Arbeidsoppgåver
Utvikle og følge opp gruppetreningstilbodet
Halde eigne gruppetimar
Gjennomføre rettleiingstimar og lage individuelle treningsprogram
Tilpasse trening for medlemmar med skadar eller utfordringar
Bruke digitale system som Membro (medlemshandtering), Squarespace (heimeside) og Iqniter (spinningprogram).
Interesse for å skape og publisere innhald til sosiale medium og nettsida
Det må påreknast noko kvelds- og helgearbeid.
Kvalifikasjonar
Utdanning og/eller erfaring innan trening og helse
Erfaring frå gruppetrening eller som personleg trenar er ein fordel
Interesse for digitale verktøy og marknadsføring
Me legg stor vekt på motivasjon og personleg eignaheit
God evne til å formidle og engasjere framfor grupper
Me tilbyr
Ein variera og meiningsfull jobb i eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
Moderne fasilitetar og fri tilgang til trening
Moglegheit til å kombinere stillinga med eigen praksis (personleg trenar/massør/fysioterapeut/ergoterapeut)
Løn etter avtale
Send søknad og CV til: geir@granvinkulturhus.no
Søknadsfrist: 15.10.25
Ynskja oppstart: 01.02.26
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med:
Linda, senteransvarleg, tlf. 906 26 774
Geir, dagleg leiar Granvin kulturhus AS, tlf. 901 57 104