Program Sterke-Nils dagen

Her er programmet for Sterke-Nils dagen laurdag 1.februar. Påmeldinga åpnar laurdag 25. januar i Membro-appen. NB: Det er avgrensa plassar på gruppetimane, så her er det første mann til mølla.

Er du ikkje medlem kan du kjøpe billett til Sterke-Nils dagen for kr. 150,-. Denne kjøper du i infoskranken på Granvin kulturhus den 1.februar. Infoskranken er bemanna frå 09.30-14.00. Påmelding for ikkje - medlemmar; send SMS til 906 26 774 med fornavn, etternavn og kva slags aktivitetar/gruppetimar du ynskjer å delta på.

Aldersgrense for Sterke-Nils dagen er året du fyller 15.

(for utfyllande info om dagen og dei ulike gruppetimane, les meir under programmet)

Yoga

Hatha yoga er den vanlegaste forma for yoga i den vestlege verda. Praksisen inneber å jobbe med pust, kropp og sinn gjennom yogastillingar, meditasjon og pusteøvingar. Me arbeider med grunnleggande stillingar (også kalt asaner) i eit roleg tempo, slik at pusten også kan vere med. Ta gjerne med eigen yogamatte om du har.

Stol-Yoga

Dette er ein rolegare yogatime som passar dei som har utfordringar med å kome seg opp og ned frå matte. Her brukar me stol gjennom heile timen. Fokus på å jobbe med pust, kropp og sinn gjennom yogastillingar, meditasjon og pusteøvingar.

Poweryoga

Poweryoga kombinerar dynamiske bevegelsar med fokus på styrke, fleksibilitet og pust.

Pilates

Hovudfokus i Pilates er å ha ein sterk kjerne og å byggje den indre støttemuskulaturen grundig opp frå botnen av, slik at vi kan bere kroppen vår på ein riktig måte. Rolege og skånsame, men effektive øvelsar. Og alt skjer i takt med roleg innpust og utpust.

Styrke X-fit

Ein crossfit-inspirera styrketime med høg intensitet.

Tabata

Ein gruppetime med høg intensitet som gjev deg ein god kombinasjon av styrke og kondisjon. Me jobbar i tabataintervall med 20 sek jobbing og 10 sek kvile. Timen kan lett tilpassas ulike nivå og passar for alle.

Dansetrim

Er du glad i å bevege deg til musikk? Då er dette timen for deg! Her vil du møte musikk og rytmer frå ulike delar av verda.

Step

Ein gruppetime der du får opp pulsen med enkle stegkombinasjonar og fengande musikk. Ein gruppetime for deg som likar høg puls og musikk. Energi og treningsglede er i fokus.

Styrke Basic

Ein styrketime kor vi jobbar oss gjennom heile kroppen med fokus på dei største muskelgruppene. Vi brukar vektstang, stepkasse, strikk og catslides. Instruktøren hjelper deg med teknikk og gir alternativ til øvingar slik at alle kan delta.

HIIT

Ein time med høg intensitet der du får pusha deg! Her møter du ein god kombo av kondisjonsøvelsar og styrkeøvelsar.

TRX

TRX er ein slyngetreningstime, der du forbedrar styrke, fleksibilitet, balanse og uthaldenhet gjennom funksjonelle øvingar. Du benyttar di eiga kroppsvekt for å skape motstand under treninga, og kan derfor justere vanskelighetsgraden, uansett fysisk form. Slyngetreningsprinsippet er blir benytta innan mange idrettsgreinar, som blandt anna langrenn, syjkling, løping og har ein unik evne til å styrke kjernemuskulaturen og virke skadeførebyggande på blandt anna, rygg, kne og skulderplager.

Sykkel Lett

Dette er ein time som passar for alle nivå. Målet med timen er å betre utholdenheita. Instruktøren ledar deg gjennom forskjellige arbeidsperiodar til motiverande og fengande musikk. Du kan tilpasse både tempo og motstand etter nivå og dagsform.

Sykkel Intervall

Ein sykkeltime med fengande musikk og mykje energi. Vi jobbar oss gjennom fleire bolkar med ulik varigheit, tempo og motstand. For deg som ønskjer ein god kondisjonsøkt. Du kan tilpasse både tempo og motstand etter nivå og dagsform.

Sykkel Hard

Ein sykkeltime kor du jobbar i lengre intervaller. Dette er ei økt for deg som ønskjer ei skikkelig kondisjonsøkt kor du blir pushet til å ta i det lille ekstra. Du kan tilpasse både tempo og motstand etter nivå og dagsform.

Mobilitetstrening

Tren deg mjuk med mobilitetstrening. Vi går gjennom både statiske og dynamiske mobilitetsøvingar. Det er skadeførebyggande trening kor du får løsna opp i muskulatur og jobba med å få større leddutslag. Programmet består av øvingar for rygg, skuldrer, bryst, hofte, sete og bein. Sterke-Nils har matter, men ta gjerne med eigen yogamatte om du ynskjer.

Aktivitet i Styrkesalen

Test deg sjølv med uhøgtidleg konkurranse i styrkesalen; Ro/hang ups/ push ups/ 90 grader`n og vinn premie!

Lurar du på kva makspulsen din er? Ta med deg pulsklokke/pulsbelte og gjer deg klar til ei real økt! Testen vil ta ca. 30 min å gjennomføre. Å måle sin maksimale hjertefrekvens kan vere nyttig for deg som trenar utholdenhet. Ut ifrå makspulsen kan du regne ut dine I-soner meir nøyaktig og dermed vere sikker på å oppnå den treningseffekten du er ute etter. Meld deg på i membro appen eller på sms til 906 26 774, så vil du få tildelt eit tidspunkt per sms. Første mann til mølla!

Treng du veiledning på teknikk eller tips/inspirasjon til øvelsar? Me er tilgjengelege i styrkesalen frå 11.00-12.00 og frå 12.30-14.00.

Kroppsanalyse med Tanitavekt

Meld deg på eit tidspunkt som passar i Membro appen. For ikkje-medlemmar; på sms til 906 26 774, så vil du få tildelt eit tidspunkt er sms. Ein av våre instruktører vil utføre kroppsanalysa med Tanitavekt. Analysa vil gje deg svar på blandt anna; fettprosent, kvilemetabolismen din, vatn i kroppen, muskelmasse osv. Gjennomføring og forklaring/tilbakemelding på resultatet tar ca. 20 min per person. Analysa gjennomføras på ei vekt, du må ta av sokkane. Gå gjerne på toalettet før du skal gjennomføre analysa. Første mann til mølla!

Badstove

Badstova i garderobane til Sterke-Nils senteret kjem til å stå på heile dagen, om du har lyst til å svette endå litt meir mellom timane.

Bygdefest på Granvin kulturhus!

Det blir sjølvsagt fest på kvelden! I anledning Sterke-Nils dagen arrangerer Granvin kulturhus bygdefest!

Festen er open for alle, sjølv om du ikkje har deltatt på Sterke-Nils dagen.

Pizzavors frå kl 18:00. Tips: Er de ein stor gruppe, fint med booking av bord på post@granvinkulturhus.no
Live-musikk:
Kenneth Bø m/gitar lagar god stemning i foajeen frå ca kl. 19.00. Oliver Berntzen tek over ca. kl 20:30

Remi spelar festmusikk frå kl 22.00
Inngang:
Har du vore på Sterke-Nils dagen eller er aktivt medlem betalar du berre 50kr
For alle andre kostar det 200kr

Aldersgrense for festen er 18 år

Baren er open til kl 01:00


VELKOMEN!


Previous
Previous

Hels på PT- Hanne

Next
Next

Har du prøva “Gubbetrening”?