Gruppetimar
Hos oss finn du eit variert utval av gruppetimar – alt frå styrke og teknikk til høg puls, dans, rørsle til musikk og rolegare timar med fokus på balanse og bevegelegheit. Målet vårt er at alle skal finne ein time dei trivst med, uansett nivå og erfaring.
Me har rundt 15 dyktige instruktørar med ulik bakgrunn og kompetanse, som legg til rette for trygge, motiverande og energifylte treningsopplevingar.
I timeplanen kan du klikke deg inn på kvar enkelt gruppetime for å sjå detaljert informasjon om:
innhald og oppbygging
instruktør
kategori
intensitet og fokus
På timeplanen vil du også sjå ulike kategoriar og fargar som gjer det enklare å finne timar som passar for deg.
Våre kategoriar
🟥 Raud - Styrke
Styrketimar med fokus på musklar, teknikk og funksjonell trening.
🟨 Gul - Cardio
Timar med puls, energi og kondisjon – inkludert sykkel, tabata og step/styrke.
🟩 Grønn - Restore
Roligare timar med fokus på bevegelegheit, balanse og restitusjon.
Her finn du yoga, pilates og mobilitetstrening.
🩷 Rosa - Dans
Timar med rytme, glede og bevegelse.
🟦 Blå - Senior
Tilrettelagde timar med fokus på trygg og effektiv trening for seniorar.
🟫 Brun - Ute
Aktivitetar og trening utandørs.
⬜ Grå - “ikkje mulig å booke”
Viser aktivitetar eller reservasjonar i salane som ikkje er opne for booking.