Eldreveka 2026

Sterke Nils senteret markerer den nasjonale Eldreveka i veke 40!

Me inviterar til gratis foredrag på storskjerm i Gamlesalen, sosialt samvær og fagleg påfyll. Dørene opnar ein halvtime før sendinga, og etter foredraget inviterer me til ettersnakk. Kom åleine eller saman med andre, møt andre seniorar og slå av ein prat med fagpersonar frå Sterke Nils senteret.

Det blir sal av kaffi, vaflar og anna godt i Teaterkafeen.

Arrangementet er gratis og ope for alle. Du treng ikkje vere medlem på Sterke Nils.

Vel møtt!

Program:

Måndag 28. september
Dørene opnar kl. 12.30
Webinar kl. 13.00
Ope for prat og spørsmål til ca. kl. 14.00

TEMA: Ta vare på hjernehelsa: forstå, førebygg, styrk

Kva er hjernehelse, og kvifor er det viktig å ta vare på den, også når du blir eldre?

I dette foredraget møter du ein samtale mellom Nasjonalt senter for aldring og helse og Helsedirektoratet. Samtalen handlar om kvifor det er viktig å ta vare på hjernehelsa, og kva som påverkar den, både på kort og lang sikt.

Du får konkrete og enkle tips til kva du sjølv kan gjere for å ta vare på hjernehelsa. Du får også ein kort introduksjon til den nye nasjonale hjernehelsestrategien, og erfaringar frå Hjerneløftet og eit pilotprosjekt i kommunar som prøver ut nye måtar å nå innbyggjarar med førebyggande råd.

Set av ein halvtime og invester i di eiga hjernehelse.

Måndag 28. september
Dørene opnar kl. 14.30
Webinar kl. 15.00
Ope for prat og spørsmål til ca. kl. 16.00

TEMA: Fleire gode år med ein kropp i rørsle

Aktive val som gir energi og livskvalitet etter 60.

Fysisk aktivitet for eldre. Kvifor og korleis.


Tysdag 29. september

Dørene opnar kl. 12.30
Webinar kl. 13.00
Ope for prat og spørsmål til ca. kl. 14.00

TEMA: Meistre livet heime og leve livet godt ute

Å bu heime lenger handlar ikkje berre om å klare seg sjølv, men om å leve eit godt liv, også utanfor heimen. I dette foredraget viser Norsk Ergoterapeutforbund korleis små grep i kvardagen kan gjere det lettare å meistre aktivitetar heime, samtidig som ein kan delta i sosiale og meiningsfulle aktivitetar i nærmiljøet.

Du får konkrete eksempel og praktiske råd som kan bidra til auka tryggleik, sjølvstende og deltaking. Målet er å inspirere til ein aktiv og meiningsfull kvardag både heime og ute, og synleggjere korleis ergoterapeutar kan bidra til at dette blir mogleg.

Onsdag 30. september
Dørene opnar kl. 12.30
Webinar kl. 13.00
Ope for prat og spørsmål til ca. kl. 14.00

TEMA: Kva kan redusere førekomsten av demens? Førebygging eller ny behandling?

Kva er statusen på ny forsking på demensområdet? Her får du høyre både om førebygging, diagnostikk og ny behandling som kan påverke korleis sjukdommen utviklar seg.

Vil du få med deg meir? Sjå fullt program for resten av Eldreveka her:

https://www.aldersvennlig.no/webinar-og-arrangement/eldreuka-2026

Next
Next

Dyrskutilbod på trening!