Nytt fargesystem og nye kategoriar på gruppetimane våre!
For å gjere timeplanen enklare å lese og lettare å finne fram i, har vi no delt gruppetimane inn i ulike kategoriar med eigne fargar.
Tidlegare brukte vi fargar for å vise vanskegrad/intensitet på timane.
No går vi over til fargar som viser type trening i staden 😊
Informasjon om nivå, intensitet og tilrettelegging vil du framleis finne i beskrivinga av kvar enkelt time.
No kan du raskt sjå kva type trening timen inneheld – berre ved å kaste eit blikk på planen 👀
Våre kategoriar
🟧 Styrke
Styrketimar med fokus på musklar, teknikk og funksjonell trening.
🟨 Cardio
Timar med puls, energi og kondisjon – inkludert sykkel, tabata og step/styrke.
🟩 Restore
Roligare timar med fokus på bevegelegheit, balanse og restitusjon.
Her finn du yoga, pilates og mobilitetstrening.
🩷 Dans
Timar med rytme, glede og bevegelse.
🟦 Senior
Tilrettelagde timar med fokus på trygg og effektiv trening for seniorar.
🟫 Ute
Aktivitetar og trening utandørs.
⬜ Grå timar
Viser aktivitetar eller reservasjonar i salane som ikkje er opne for booking.
Vi håpar dette gjer timeplanen meir oversiktleg og inspirerande 💪
Vi gler oss til å sjå dykk på trening! 😊